Acetalplast


SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve

Acetalplast er ein plasttype som er eit polymerisasjonsprodukt av formaldehyd. Acetalplast er ein stiv plasttype.[1] Det blir produsert av ulike kjemiske føretak med litt ulike foruleringar, og kan ha handelsnamn som Delrin, Kocetal, Ultraform, Celcon, Ramtal, Duracon, Kepital, Polypenco, Tenac og Hostaform.

Historie

Acetalplast blei oppdaga av Hermann Staudinger, ein tysk kjemikar som vann Nobelprisen i kjemi i 1953.[2] Han hadde studert polymerisering og strkcturen til acetalplast på 1920-talet, då han studerte makromolekyl, som han karakteriserte som polymerar. Grunna problem med termostabilitet blei ikkje stoffet gjort kommersielt på denne tida.

Kring 1952 syntetiserte kjemikarar ved DuPont ein versjon av acetylplast,[3] og i 1956 søkte selskapet om patent for homopolymeren.[4] DuPont nemnde R.N. MacDonald som oppfinnaren av acetylplast med høg molekylvekt.[5] Patent av MacDonald og kollegaer skildrar tilverkinga av stoff med høg molekylvekt med ein hemiacetal-ende (~O−CH2OH),[6] men også desse mangla nok termostabilitet til å kunna brukast kommersielt. Oppfinnaren av ein acetylplast som var stabil ved varme, og dermed hadde kommersiell bruk, var Stephen Dal Nogare.[7] Han oppdaga at om hemiacetal-endane reagerte med eddikesyreanhydrid blei dei raskt depolymeriserbare hemiacetalane gjort om til termisk stabil plast som kunne smeltast.

Kjelder

  1. caplex.no [daud lenkje]
  2. «The Nobel Prize in Chemistry 1953». NobelPrize.org. Henta 8. mars 2016. 
  3. Joseph P. Kennedy; Wayne H. Watkins (31. juli 2012). How to Invent and Protect Your Invention: A Guide to Patents for Scientists and Engineers. John Wiley & Sons. s. 194–. ISBN 978-1-118-41009-7. 
  4. «A History of Plastics». British Plastics Federation. Henta 8. mars 2016. 
  5. News & Media Relations Home - DuPont EMEA[daud lenkje]
  6. US 2768994, Macdonald, Robert Neal, «Polyoxymethylenes», publisert 1956-10-30, tillagt E. I. Du Pont de Nemours and Co. 
  7. US 2998409, Nogare, Stephen Dal & Punderson, John Oliver, «Polyoxymethylene carboxylates of improved thermal stability», publisert 1961-08-29, tillagt E. I. Du Pont de Nemours and Co. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Acetalplast
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.