Aksel eller Axel er eit nordisk mannsnamn som oppstod som ei dansk kortform for Absalon.
Namnet er tidlegast kjend frå 1300-talet, då det blei brukt i Danmark og Bohuslän. Det spreidde seg til Noreg på 1500-talet, før det stort sett gjekk ut av bruk over heile Norden. På 1800-talet blei det igjen svært mykje brukt, og rundt 1900 blei det særleg gjeve til gutar i Nordland. Namnet var òg særs populært i Akershusområdet på 1990-talet.
Aksel har namnedag den 30. oktober.