Asterisme er ein lyseffekt i form av eit stjerneforma skimmer som ein kan sjå i einskilde mineral når lys blir reflektert, som i stjernesafir eller stjernekvarts, eller ved gjennomfallande lys, som i glimmer. Dette kjem av at desse minerala inneheld mikroskopiske, nålforma partiklar eller holrom orientert etter krystallografiske retningar. Ei form for asterisme oppstår òg når røntgenstrålar går gjennom krystall som er deformerte. Effekten kan utnyttast for å oppdage indre spenningar og svake stader i støypegods.