Attan (pashto اتڼ) er ei danseform knytt til pasjtunarar i dagens Afghanistan og Pakistan. Dansen oppstod i det som no er Aust-Afghanistan, og spreidde seg til dei pasjtunske delane av Afghanistan og Pakistan gjennom migrasjon.[1][2] Attan byrja som ein folkedans utført i samband med krig, bryllaup eller andre høve, som trulovingar, nauroz-feiring og uformelle møte. Han er no rekna som nasjonaldans i Afghanistan,[3] og blir dansa av alle afghanske folkegrupper,[4] og av pasjtunarar i Pakistan.[5]
Attan er ein tradisjonell pasjtunardans. Han blir sagt å ha før-islamske røter, og nokon identifiserer attan som ein religiøs seremoni frå tidlie zoroastrianisme.[6][7] Ifølgje folklore dansa king Jama eller Jamshid, ein figur i iransk mytologi, attan med krigarane sine for å feira nauroz.[8] Nærskylde ringdansar finst i provinsane Khorasan og Sistan og Balutsjistan i Iran.[9][10] Her er dei vanlegvis kjende som chapi eller torbati.[11][12] Attan blir vanlegvis dansa til tromming frå dohol, ei stor tofellstromme. The dance can be anywhere from 5 to 30 minutes long. Det finst mange ulike regionale variantar av attan, dei best kjende er wardaki, logari, paktia, lhosti, kandahari og herati. I tillegg til å vera afghansk nasjonaldans er han også ein populær del av høgtider, bryllaup og andre feiringar.
Akkompagnert av trommar og fløyter dannar dansarane ein sirkel, tar kvarandre i hendene eller førebur seg på å rotera i sine eigne sirklar. Dansen byrja med sakte trinn som gradvis blir raskare og raskare til det verkar som om utøvarane må gje seg av utmatting. Likevel fortset dansen, nokre gonger i to eller tre timar på rad, utan pausar bortsett frå ein senking av tempo eller endringar i melodiar og songar.[13]
Det viktigaste instrumentet er sjølvsagt tromma. Denne kan variera i storleik, for nokre typar er storleiken relativt liten. Årsaka til det kan vera geografisk, men skiljet mellom doholar er tydeleg blant dei forskjellige typane attan. Tablah er ei einfellstromme ein slår med hendene som finst i dei fleste arabiske musikkensemble. Den begerforma kroppen (sylindrisk med litt innsnevra midje) blei tradisjonelt laga av fyrt leire, og skinnet av geit-, kalv- eller fiskeskinn, strekt og limt permanent på kroppen. Det nest viktigaste instrumentet er zurna surnay, som er svært vanleg, men ikkje alltid blir brukt til kvar type dans.
Utøvarar ber ofte tradisjonelle klede og pynt når dei tek del i den livlege dansen. Ved nokre festlege høve kan menn òg vera iført dress og slips for ein meir formell utsjånad. Kvinnene kan ha lyse, fargerike kjolar. Desse kjolane kan ha små speglar på. Dei små speglane speglar lyset medan kvinnene rører seg og dansar.