Bindalseidet er ei bygd i Bindal kommune i Nordland, i folketal den nest største bygda i kommunen. Bygda ligg på austsida av ei halvøy i Bindalsfjorden. Bindalseidet skole og ein kolonialbutikk ligg i bygda. I 2012 hadde 730 menneske postadresse 7982 Bindalseidet.
Landbruk er viktigaste næring, med mjølkeproduksjon og kjøtavl.
Ei båtrute som trafikkerar Bindalsfjorden og Terråkfjorden mellom Harangen og Terråk, har anløp på Bindalseidet..