Bissau | |||
by | |||
|
|||
Land | Guinea-Bissau | ||
---|---|---|---|
Areal | 77,5 km² | ||
Folketal | 492 004 (2015) | ||
Bissau 11°51′33″N 15°35′44″W / 11.859166666667°N 15.595555555556°W | |||
Wikimedia Commons: Bissau | |||
Bissau (portugisisk uttale biˈsaw) er hovudstaden i Guinea-Bissau. Han ligg ved utlaupet til elva Geba i Atlanterhavet, og er ein viktig hamneby. Byen hadde eit innbyggjartal på 492 004 i 2015.[1] Han er den største byen og hamna i Guinea-Bissau, med utførsla av kopra, palmeolja, ris og meir. Han har ei internasjonal lufthamn, eit universitet og eit forskingsinstitutt.[2]
Før europearar kom til området, tilhøyrde det eit kongerike styrt av papelfolk. Ifølgje munnleg overlevering var dette riket skipa av Mecau, sonen av kongen av Quinara (Guinala), som flytta til staden med den svangre systera si, seks koner og undersåttar frå riket til faren. I riket var det sju klanar som stamma frå systera og dei seks konene. Bossassun-klanen, som stamma frå systera, hadde arverett på trona.[3]
Bissau vart grunnlagd i 1687 av portugisarane og hadde på 1700- og 1800-talet stor slavehandel.[2] Byen tok over for Bolama som hovudstad i Portugisisk Guinea i 1942. Då geriljagruppa PAIGC erklærte sjølvstende i 1973 var hovudstaden for opprørsområdet Madina do Boe, medan Bissau vart verande kolonihovustad. Byen kom under åta frå nasjonalistiske styrkar i 1968 og 1971.[4] Portugal gjekk med på sjølvstendet i 1974, etter Nellikrevolusjonen, og Bissau var hovudstad for den nye frie staten.
Ved byrjinga og slutten av borgarkrien i Guinea-Bissau frå 1998 til 1999 var det harde kampar i byen.[5] Mykje av infrastrukturen vart øydelagd, og nesten heile folkesetnaden flykta frå byen.[2] Bissau har sidan vorte gjenoppbygd, og over 25 % av innbyggjarane budde her ved folketeljinga i 2009.[6]
Bissau ligg 11°52' nord og 15°36' vest (11.86667, -15.60), ved esturaet til Geba-elva ved kysten av Atlanterhavet. Området rundt Bissau er ekstremt lågtliggande, og elva er seglbar for havgåande fartøy sjølv om ho har lita vassføring i kring 80 km frå byen.
Bissau har tropisk savanneklima (Köppen Aw), ikkje vått nok til å kvalifisera som tropisk monsunklima (Am), men mykje våtare enn dei fleste klima av sin type.
Det fell nesten ikkje regn frå november til mai, men i dei gjenverande fem månadane av året får byen rundt 2000 mm nedbør.
Vêrdata for Bissau, Guinea-Bissau (1974–1994) | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 36,7 | 38,3 | 38,9 | 41,1 | 39,4 | 35,6 | 33,3 | 32,8 | 33,9 | 34,4 | 35 | 35,6 | 41,1 |
Gjennomsnittleg maks °C | 31,1 | 32,8 | 33,9 | 33,3 | 32,8 | 31,1 | 29,4 | 30 | 30 | 31,1 | 31,7 | 30,6 | 31,5 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 24,4 | 25,6 | 26,6 | 27 | 27,5 | 26,9 | 26,1 | 26,4 | 26,4 | 27 | 26,9 | 24,8 | 26,3 |
Gjennomsnittleg min °C | 17,8 | 18,3 | 19,4 | 20,6 | 22,2 | 22,8 | 22,8 | 22,8 | 22,8 | 22,8 | 22,2 | 18,9 | 21,1 |
Lågast målte °C | 12,2 | 13,3 | 15,6 | 16,7 | 17,2 | 19,4 | 19,4 | 19,4 | 19,4 | 20 | 15 | 12,8 | 12,2 |
Gjennomsnittleg regn mm | 0,5 | 0,8 | 0,5 | 0,8 | 17,3 | 174,8 | 472,5 | 682,5 | 434,9 | 194,8 | 41,4 | 2 | 2 022,8 |
Gns. solskinstimar i månaden | 248 | 226 | 279 | 270 | 248 | 210 | 186 | 155 | 180 | 217 | 240 | 248 | 2 707 |
Kjelde 1: Sistema de Clasificación Bioclimática Mundial[7] | |||||||||||||
Kjelde 2: World Climate Guides (sunshine only)[8] |