Cowboyhatt av filt
Cowboyhatt av strå

Cowboyhatt er ein type hatt med brei brem og høg pull som særleg er knytt til Vesten i USA og den nordamerikanske cowboyen. I dag kan han brukast av fleire ulike menneske, som ranch-arbeidarar i vestlege og sørlege USA, vestlege Canada og nordlege Mexico, av rodeo-deltakarar og av countrymusikarar. Han er kjend over heile verda som eit symbol på Det ville vesten.

Den første hatten for bruk i Vesten var den såkalla Boss of the Plains, utforma av John B. Stetson. Etter denne kom den såkalla Carlsbad-modellen med fold på toppen av pullen.[1] Dei avleidde filthattane med høg pull og vid brem er blitt nært knytt til cowboyar og western-kultur.[2]

Kjelder

  1. Foster-Harris 2007, s. 106.
  2. Snyder 1997, s. 5.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Cowboyhatt
Litteratur