Cres
Landsbyen Beli med øya Krk i bakgrunnen.
Landsbyen Beli med øya Krk i bakgrunnen.
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 44°57′N 14°24′E

Areal 405,70 km²

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Primorje-Gorski Kotar

Cres (italiensk Cherso, latin Crepsa) er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho er ei av dei nordlege øyane i Kvarnerbukta (italiensk Quarnero), og ein kan nå øya via ferje frå øya Krk (italiensk Veglia) eller frå Istria-halvøya (linja Brestova-Porozina).

Med eit areal på 405,70 km² er Cres den største kroatiske øya, berre så vidt større enn naboøya Krk (som ein lenge trudde var den største).

Cres og naboøya Lošinj var ein gong ei øy, men vart delt av ein kanal, og forbunde med ei bru ved landsbyen Osor (italiensk Ossero). Den einaste ferskvasskjelda på Cres er Vranasjøen.

Landsbyen Cres har 2 959 innbyggjarar (2001).

Landsbyar på Cres

Det er mange landsbyar på øya, som alle er knytte saman av ein enkel veg som går langs midten av øya. På eine sida av øya går det ei ferje til fastlandet (nær byen Pula), og på den andre sida går det ei bru over til Mali Lošinj (italiensk Lussinpiccolo), som òg er vorte separert av ein kanal. Landsbyar på øya inkluderer:

Stivanstanda

Landsbyen Cres

Landsbyen Cres er meir som ein liten by med eit sentrum med butikkar og restaurantar. Han har òg ei lita båthamn i midten av byen, ein kino med filmar på kroatisk. Landsbyen er ikkje bygd for bilar, og har berre gågater, og kan minne om Venezia med dei smale gatene. Det finst fleire parkeringsplassar rundt byen. Cres har ei større båthamn i nærleiken.

Hamna i Cres

Vrana

Cres har ein ferskvassinnsjø, som er godt verna og som det er forbode å symje eller fiske i. Innsjøen gjev vatn til naboøya Lošinj i tillegg til Cres. Han er ein av dei djupaste innsjøane i Aust-Europa, og er 76 meter på det djupaste (meir enn 50 meter under havnivå).[1]

Segn

Segna om Vranasjøen er at det er eit slott under vatnet. Ei rik søster ville ikkje gje pengar til si fattige søster, og vart straffa ved at slottet hennar vert sett under vatn. På vindfulle dagar kan ein visstnok høyre bjella i toppen av tårnet ringe.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  1. Roland Schmidt, Jens Müller, Ruth Drescher-Schneider, Robert Krisai, Krystyna Szeroczyńska, Ante Barić; Changes in lake level and trophy at Lake Vrana, a large karstic lake on the Island of Cres (Croatia), with respect to palaeoclimate and anthropogenic impacts during the last approx. 16,000 years, J. Limnol., 59(2), 2000, 113-130.