Delft | |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
| |||||
Plassering | |||||
![]() | |||||
Styresmakter | |||||
Land Provinsar |
![]() Zuid-Holland | ||||
Borgarmeister | Bas Verkerk | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
24,08 km² 23,21 km² 0,86 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
95 770 4 126/km² | ||||
Koordinatar | 52°0′N 4°32′E / 52.000°N 4.533°E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.delft.nl |
Delft er ein kommune og by i Nederland i provinsen Zuid-Holland. Han ligg mellom Rotterdam og Haag. Delft er hovudsakleg kjend for det typiske nederlandske bysentrumet (med kanalar) og for målaren Vermeer, delftfajanse og for tilknytinga til kongefamilien.
Byen oppstod på 1200-talet og fekk byrettar i 1246.
Delft fekk tilknyting til Huset Oranien då Vilhelm I av Oranien, med kallenamnet «Vilhelm den stillferdige» busette seg her i 1572. Vilhelm var leiaren på denne tida under kampane mot Spania i åttiårskrigen.
Delft var ein av dei leiande byane i Holland og var utstyrt med bymurar. Då Vilhelm vart skoten i 1584 av Balthazar Gerards i hallen Prinsenhof, var familien sin tradisjonelle gravplass i Breda i hendene på spanjolane. Han vart derfor gravlagd i Nieuwe Kerk (Nykyrkja) og frå den tid har kongefamilien vorte gravlagd her.
I 1654 vart byen hardt råka og over 100 menneske døydde då eit krutlager med over 40 tonn krut eksploderte.