Riss av det tenkte omfanget til Doggerland for 10 000 år sidan.

Doggerland er eit namn gjeve av arkeologar og geologar om eit tidlegare landområde som no ligg sør i Nordsjøen. Landet låg over havnivå under og etter siste istid, fram til rundt 6500-6200 f.Kr., då det gradvis blei overfløymt. Det batt saman øya Storbritannia med kontinentet (Danmark, Nord-Tyskland og Nederland).[1] Berre Norskerenna skilde landet frå dagens Noreg.

Hypotetisk kart over Doggerland (ca. 8000 f.Kr.)

Både fiskarar og forskarar har funne ulike leivningar etter dyr og menneskeleg aktivitet frå steinalderen her.[2] Namnet «Doggerland» blei gjeve til området på 1990-talet av professor Bryony Coles for å vektlegga at området ikkje berre var ei landbru mellom Storbritannia og Kontinentet, men eit landområde steinalderfolk kunne leva på. Området blei kalla opp etter Doggerbanken, som var eit høgland i Doggerland.[3] «Nordsjølandet» og «Nordsjøfastlandet» er andre ord som er brukt om det same geografiske området.

Det undersjøiske Storeggaraset rundt 6100 f.Kr. kan ha funne stad like før eller kort tid etter at Doggerland blei heilt oversvømt. Raset skapte ein veldig tsunami som heilt skilde Storbritannia fra Kontinentet.[4]

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Doggerland

Litteratur

Kjelder

  1. «The Doggerland Project», University of Exeter Department of Archaeology
  2. Patterson, W, "Coastal Catastrophe" (paleoclimate research document), University of Saskatchewan
  3. B.J. Coles. "Doggerland : a speculative survey (Doggerland : une prospection spéculative)", Proceedings of the Prehistoric Society, ISSN 0079-497X, 1998, vol. 64, pp. 45-81 (3 p.1/4)
  4. «The moment Britain became an island», Megan Lane, BBC News, 15 February 2011