██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen
Eurovision Song Contest 1978 (ESC 1978) var den 23. gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Palais des Congrès i Paris i Frankrike. Finalen fann stad laurdag 22. april. Israel vann konkurransen for fyrste gong med den songen «A-Ba-Ni-Bi», framført av Izhar Cohen & The Alphabeta på hebraisk.
Sigeren til Israel førte til problem for fleire land i Nord-Afrika og Midtausten som kringkasta konkurransen. Ifølge John Kennedy O'Connors bok «The Eurovision Song Contest - The Official History» avbraut dei fleste arabiske TV-stasjonane overføringa av konkurransen då det blei klårt at Israel kom til å vinne. Til dømes avbraut jordansk TV programmet ved å syne eit bilete av påskeliljer på skjermen. Etterpå annonserte dei at Belgia (som kom på 2. plass) hadde vunne konkurransen.
Juryen i kvart land gav stemmer i valørane 12, 10 og 8–1 til sine favorittbidrag.
Danmark var i 1978 med i konkurransen for fyrste gong sidan 1966. Tyrkia vendte også tilbake til konkurransen.
Bidraga
Finale
Finalen blei halden den 22. april 1978 i Palais des Congrès.