Finn Kalvik

Fødd30. april 1947 (76 år)
FødestadFåvang
FødenamnFinn Bjørn Kalvik
OpphavNoreg
Aktiv1967–
Sjangervise
Instrumentgitar, vokal
Verka somsongar, låtskrivar, gitarist
PrisarRockheim Hall of Fame, Alf Prøysens Ærespris, Kongens fortenestmedalje

Finn Kalvik (fødd 30. april 1947) er ein norsk visesongar. Han vart fødd på Fåvang, men voks delvis opp i Oslo.

Karriere

Kalvik starta karrieren sin på slutten av sekstitalet. Han framførte eigne viser, sette tonar til dikt av mellom anna Inger Hagerup og André Bjerke, og omsetje utanlandske songar som Cat's in the Cradle av Harry Chapin (på norsk heitte songen Ride Ranke). I trioen «Det viser seg» samarbeida han med Øystein Sunde og Lillebjørn Nilsen.

I 1981 vann Kalvik den norske Melodi Grand Prix-finalen med songen «Aldri i livet». Han vann også Gammleng-prisen i 1986 i klassen vise. I 2021 fekk han Alf Prøysens Ærespris.

Kalvik i andre samanhengar

Ved slutten av nittitalet opplevde Finn Kalvik å vera midtpunktet i fjernsynsprogrammet Åpen Post. Eit av dei faste innslaga deira heitte «Finn Kalvik-nyhetene» og blei av mange oppfatta som ein parodi på artisten sjølv. Dei ansvarlege for Åpen Post, derimot, meinte at det berre var uskuldig moro, og fekk etter kvart Finn Kalvik sjølv til å vera med på «nyheitene».

Utgjevingar