For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Folkebladet (fleirtyding).
Faksimile av førsteutgåva av Troms Folkeblad, frå 15. november 1965.

Folkebladet er ei regionavis for Midt-Troms. Sjefredaktør er Steinulf Henriksen. Avisa blei grunnlagt i 1965 med namnet Troms Folkeblad av lokale næringslivsaktørar, men er i dag ein del av konsernet Polaris Media ASA.[1]

Hovudkontoret ligg på Finnsnes, men avisa har òg kontor i Bardufoss og Sjøvegan. Avisa, som starta som lokalavis, dekker i dag eit omfattande geografisk område: Senja kommune, innlandskommunane Målselv og Bardu – og sørover til og med Lavangen.

Hausten 2018 hadde Folkebladet om lag 5500 digitale abonnentar. Papirutgåva hadde om lag 3900 abonnentar og kjem ut seks dagar i veka, måndag til laurdag. Folkebladet hadde totalt 16 700 lesarar ein gjennomsnittsdag hausten 2018. Avisa satsar òg på TV, og lagar to TV-innslag kvar dag.[2]

Redaktørar

Kjelder

  1. «Troms Folkeblad». Allkunne. 11. desember 2017. Henta 16. november 2019. 
  2. «Folkebladet». Store norske leksikon. 2. september 2019. Henta 16. november 2019. 

Bakgrunnsstoff