Sau har to spener, og to lam per svangerskap blir derfor rekna som ideelt.
Foto: Keven Law

Fostertal eller kullstorleik er det talet på ungar eit hodyr ber fram gjennom fostertida.

Pattedyra vert delte i to grupper:

Mus er polytoke, og kan dermed lett amma fleire ungar.

Monotoke hodyr har éin spene eller eitt spenepar, medan dei polytoke har 4-7 spenepar, slik at dei kan die mange ungar i gongen.

Ved avl av husdyr har ein systematisk unngått fleirfødslar hos typiske monotoke husdyr, som hest og ku, medan ein har forsøkt å fremje fostertalet hos polytoke husdyr, som gris.

Oversyn over fostertal

Husdyr Vanleg fostertal Grensetal
Kanin 4-8 1-13
Mink 4-6 1-10
Tamkatt 4-5 1-7
Hund 4-8 1-17
Svin 10-12 1-24
Geit 1-2 1-4
Sau 1-3 1-6
Kyr 1 1-4
Hest 1 1-2
Kamel 1 1-2
Ville dyr Vanleg fostertal Grensetal
Mus 4-7 ..
Rotte 6-9 -11
Ekorn 4 3-7
Røyskatt 7-9 6-13
Ulv .. 4-12
Tiger 2-3 1-6
Løve 2-3 1-6
Bjørn 2-3 1-5
Sjimpanse 1 1-2
Isbjørn 2 1-3
Mår 2-3 1-4
Elefant 1 1-2

Kjelder