Framandlegionens flagg viser ein handgranat med sju flammar.
Framandlegionærar på den franske nasjonaldagen 14. juli.
Foto: David Monniaux

Framandlegionen (fransk Légion Étrangère) er ei militæreining i den franske hæren. Han vart danna i 1831 i fransk Nord-Afrika etter juli-revolusjonen i Frankrike. Legionen vart danna fordi utanlandske friviljuge ikkje lenger kunne verve seg til det ordinære militæret.

Dei fleste offiserane i Framandlegionen er franske, men dei meinige er samansett av mange forskjellige nasjonalitetar (mellom anna franskmenn). Etter å ha tenestegjort i legionen i tre år kan legionæren søkje om fransk statsborgarskap. Alle legionærar blir innrullert under pseudonym, men kan få tilbake den opphavlege identiteten sin etter eitt år ved å gjennomgå «régularisation de situation militaire» (RSM). Berre legionærar som har gjennomgått RSM kan få fransk statsborgarskap.

I hovudsak var Legionen eit prosjekt for å utvide det Franske koloniale imperium på 1800-talet. Legionen har også hatt ein stor rolle i krigar med andre europeiske stormakter i krigar som 1. og 2. verdskrig.

Tidlegare hadde Framandlegionen eit rykte for å tiltrekkje seg leigesoldatar og rømlingar. I dei seinare år har rekrutteringa til legionen blitt avgrensa og det blir gjort bakgrunnssjekk på alle søkjarar.

Det noverande hovudkvarteret ligg i Aubagne, like utanfor Marseille.

Oppsetjing

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Framandlegionen