Giovanni Bellini | |
Pseudonym | Giambellino |
Statsborgarskap | Republikken Venezia |
Fødd | 1430 Venezia |
Død |
29. november 1516, 26. november 1516, 29. november 1516 (86 år) |
Yrke | kunstmålar, miniatyrmaler, teiknar |
Sjanger | historiemåleri, religiøst maleri, allegori, dyremåleri, figure, sjangermåleri, landskapsmåleri, akt, portrett |
Far | Jacopo Bellini |
Giovanni Bellini på Commons |
Giovanni Bellini (1433–29. november 1516) var ein italiensk målar frå Venezia. Han vert rekna som ein av dei fremste målarane i den tidlege renessansen i Nord-Italia. Ei rad berømte målarar, som Giorgione og Tizian, måla etter den tradisjonen Bellini danna, ofte kalla den venetianske skulen. Målaren Jacopo Bellini var far hans, og Gentile Bellini ein bror.
I yngre år gjekk Bellini i lære mellom andre hos svogeren Andrea Mantegna i Padova, ein målar som påverka arbeida hans i tidlege år.
Ein stor del av måleria hans var andaktsbilete som Madonna med barn. Førebileta for madonnabileta hans var greske og bysantinske ikon, som var utbreidde i Venezia. Bellini braut med det stereotype i desse, bileta hans strålar ut dei sterke kjenslene mellom mor og barn. Pietà og Sacra Conversazione utgjer to høgdepunkt mellom andaktsbileta.
Bellini måla også portrett. Berømt er han òg for å la landskapet danne bakgrunnen i bileta sine, med den grønleg-gylne fargen som var slik ein grunnleggjande del av venetiansk målarkunst. I staden for dei skarpe teikningane i tidleg renessansekunst, skapar han, særleg i sine seinare verk, ei pittoresk mjukheit med varme og lysande fargar.
Tronande Madonna (1488) i kyrkja 'Santa Maria Gloriosa dei Frari' i Venezia er eit av Bellini sine hovudverk. Triptykonet syner madonnaen med dei fire evangelistane, eit motiv som Albrecht Dürer nytta som modell for sitt måleri Dei fire apostlane.