Glattnasefamilien
Plecotus macrobullaris
Plecotus macrobullaris
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Flaggermus Chiroptera
Underorden: Småflaggermus Microchiroptera
Familie: Glattnasefamilien Vespertilionidae
Gray, 1821

Glattnasefamilien (Vespertilionidae) er ein familie av småflaggermus. Nesten alle artane et insekt; unntaka er nokre flaggermus i Myotis- og Pizonyx-familien som fangar fisk. Dessutan har dei større Nyctalus-artane vorte kjend for å fange spurvefuglar i flukt nokon gonger. Alle flaggermus som lever i Noreg høyrer til denne familien. Det er over 300 artar i familien.

Molekylær forsking viser at Vespertilionidae skilde seg frå Molossidae, ein anna flaggermusfamilie, tidleg i eocen.[1] Ein reknar med at familien oppstod ein stad i Laurasia, moglegvis Nord-Amerika.[2] A Ein nyleg utdøydd art, Synemporion keana, er kjend frå holocenHawaii.[3]

Skildring og levesett

Illustradjon av Myotis formosus

Flaggermus i famillien kan ha lengd frå 3 til 13 cm om ein ser vekk frå halen, som er ganske lang hjå dei fleste artane. Dei har som regel brune eller svarte farge, men nokre av dei har pels som er sterkare farga raud, oransje eller gul. Mange har kvite flekkar eller striper.[4]

Nesten alle glattnaseflaggermus er insektetarar, bortsett frå nokre Myotis- og Pizonyx-artar som et fisk og større Nyctalus-artar som av og til fangar små sporvefuglar. Dei fleste artane bur i holer, men nokre kan også bruka hole tre, bergsprekker, dyrehi eller andre skjul. Nokre flaggermus kviler åleine og andre i koloniar som kan omfatta opptil ein million individ.

Artar frå tempererte klima ligg ofte i dvale om vinteren, medan ein del tropiske artar estiverer (går i tørkedvale).[4]

Artar

Trollflaggermus Pipistrellus nathusii
Dvergflaggermus Pipistrellus pygmaeus

Artar i glattnasefamilien i Noreg

Alle artar

Familien Vespertillionidae

Kjelder

  1. Miller-Butterworth, C. M., Murphy, W. J., O'Brien, S. J., Jacobs, D. S., Springer, M. S. & Teeling, E. C. (2007). «A family matter: conclusive resolution of the taxonomic position of the long-fingered bats, Miniopterus». Molecular Biology and Evolution 24 (7): 1553–1561. PMID 17449895. doi:10.1093/molbev/msm076. 
  2. Teeling, E. C., Springer, M. S., Madsen, O., Bates, P., O'Brien, S. J. & Murphy, W. J. (2005). «A molecular phylogeny for bats illuminates biogeography and the fossil record». Science 307 (5709): 580–584. PMID 15681385. doi:10.1126/science.1105113. 
  3. Discovery of Extinct Bat Doubles Diversity of Native Hawaiian Land Mammals Arkivert 2017-01-06 ved Wayback Machine., at the American Museum of Natural History; published March 21, 2016; retrieved June 20, 2016
  4. 4,0 4,1 Macdonald, D., red. (1984). The Encyclopedia of Mammals. New York: Facts on File. s. 807. ISBN 0-87196-871-1. 
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.