Hazore'a | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Jezreeldalen | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Megiddo | ||
Koordinatar | 32°38′41″N 35°07′15″E / 32.64472°N 35.12083°E | ||
Folketal | 914 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1936 | ||
- Grunnlagd av | Hashomer Hatzair-medlemmar frå Tyskland | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
![]() Hazorea 32°38′41″N 35°07′15″E / 32.644722222222°N 35.120833333333°E | |||
Wikimedia Commons: Hazore'a | |||
Nettstad: www.Hazorea.org.il | |||
HaZore'a (הַזּוֹרֵעַ, tyder Såaren) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Jezreeldalen, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 901.
HaZore'a ligg heilt vest i dalen, med HaZore'a-skogen sør og vest for kibbutzen, Yokneam Moshava i nord og byen Yokneam i nordvest og slettene og fiskedammane i Jezreeldalen i aust. Ein del av kibbutzen er bygd i åssidene til to naboåsar, medan resten ligg på ei slette mellom åsane.
Som organisasjon vart kibbutzen grunnlagd i 1934 av Werkleute-medlemmar frå Tyskland. Fram til det kjøpte landområdet var klart, budde og arbeidde kibbutzen i Hadera i to år.[2]
I 1950-åra var han eit senter for forsøka til Hashomer Hatzair på å arbeide med den lokale arabiske folkesetnaden.[3]