Inta
Инта
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Inta
Byvåpenet til Inta


Plassering
Inta is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Republikken Komi
Grunnlagd
Bystatus
1940
1954
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

35 240
Koordinatar 66°02′N 60°08′E / 66.033°N 60.133°E / 66.033; 60.133
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 82145
Bilnummer 11
Nettstad: www.intakomi.ru

Inta (russisk Инта́) er ein by i republikken Komi i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg 700 km nordaust for Syktyvkar. I sovjettida låg det ein Gulag-leir her.

Under byen finst store førekomstar av kol og den første busetnaden var ei gruppe geologar som kom hit i 1940. Den andre verdskrigen skapte eit prekært behov for energi og gruveindustrien vart utvikla i rekordfart. Det same gjaldt den nye jernbanelinja som gjekk via Inta til Vorkuta. Alti 1943 gjekk dei første toga med kol til den omleira Leningrad. Bystatus kom i 1954. Namnet «Inta» kjem frå elva Inta som renn gjennom byen.

Kjelder

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.