'Marknad i Jaffa' (1877) av Gustav Bauernfeind

Jaffa (hebraisk יָפוֹ – Yafo, arabisk يافا, Yāfā) er ein del av den israelske kommunen og tettstaden Tel Aviv-Jaffa. Byen er ein hamneby ved Middelhavet, som har vakse saman med byen Tel Aviv. Jaffa har ei lang soge, og vert nemnd fleire gonger i Bibelen.

Semittiske segner knyter det opphavlege Jaffa til Noah sin son Jafet, medan ei gresk segn knyter byen til Jopa, ei dotter av Eolius.

Gamlebyen i Jaffa vart delvis øydelagd under den britiske mandatperioda for Palestina, og forsvann seinare heilt ved nedriving og nybygging. Den kristne arabiske folkesetnaden er vorte mykje redusert sidan 1948.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jaffa
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.