Kamilleblomslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Asteroideae |
Stamme: | Anthemideae |
Slekt: | Kamilleblomslekta Matricaria L., 1753 |
Kamilleblomslekta (Matricaria) er ei planteslekt i korgplantefamilien. I Noreg veks to artar. Desse er eittårige plantar med greina stenglar og snaue dobbeltfinna blad.
Plantane i slekta er låge eller middels høge urter. Dei har ein opprett stengel og som regel ei krydra lukt. Blada sit spreitt og er fleire gonger fjørflika. Korgene har gul skive. Dei fleste artane har kvite randkroner, men nokre artar manglar dei. Korgbotnen er kjegleforma og innhol. Frukta har opptil fem langsgåande ribber og manglar fnokk. Artane i balderbråslekta (Tripleurospermum) med to artar i Noreg blei tidlegare rekna til Matricaria. Dei har også fjørflikete blad, gul skive og kvite randkroner, men har berre tre ribber på frukta.[1][2][3][4][5]
Artane som her er lagt til Matricaria er av andre lagt til slekta Chamomilla, medan namnet Matricaria i denne andre systematiseringa er brukt om artane som vert kalla balderbråslekta, Tripleurospermum, i den systematikken som er lagt til grunn her.
Tunbalderbrå blir av Artsdatabanken plassert i slekta Lepidotheca, men i internasjonal litteratur blir han oftest rekna til Matricaria. Tunbalderbrå er vanleg i heile Norge. Ein annen art, kamilleblom, er eit sjeldant ugras i Noreg.[6][7][8]
Flerie kjelder oppgjev at der er seks eller sju artar i slekta Matricaria.[2][5][8] Ifølgje Global Compositae Checklist er det derimot hele 21 gyldige artar:[7]