Katapult er ein kastemaskin som kan senda eit prosjektil over ein større avstand ved hjelp av ein kastearm. Katapultar blei brukt som beleiringsskyts i oldtida og mellomalderen. Maskinen blei funnen opp i det gamle Hellas.[1]
Ein katapult er danna av ein trebjelke med ein ende innspent mellom to samansnodde tau. Desse kan spennast meir når bjelken blir trekt ned i horisontal stilling ved hjelp av eit vindespel. Når så bjelken blir frigjort, dreier han seg med valdsam kraft oppover og framover til han blir stoppa av eit tverrtre. Prosjektila (stein eller metallkuler) blir lagt på den frie enden av bjelken og slynga ut i krumme banar. Med katapult kunne ein slynga prosjektil på fleire hundre kilo opptil 600 meter.[2]
Ordet «katapult» kjem av latin catapulta, frå gresk katapeltēs (καταπέλτης) av kata, 'nedover'[3] og pallō, 'kasta, slynga, svinga'.[4]