Krypter er tynne og djupe invaginasjonar i større strukturar. Eit vanleg døme på anatomiske krypter er dei lieberkühnske kryptene, som ligg i slimhinna mellom tarmtottane.[1][2] Ein finn òg krypter i tonsillane. Desse kryptene går djupt inn i mandlane, og gjer mandlane utsett for infeksjon.