Lasurstein | |||
Lasurstein frå Afghanistan i sin naturlege tilstand | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Bergart | ||
Kjemisk formel | blanding av mineral med lasuritt som den viktigaste bestanddelen | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Blå, marmorert med kvit kalsitt og messinggul pyritt | ||
Krystallform | Kompakt, massive | ||
Krystallsystem | Ingen, sidan lapislasuli er ein bergart. Lasuritt, hovudbestanddelen, opptrer ofte som tolvkant | ||
Kløyv | Ingen | ||
Brot | Ujamn-muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 5–5,5 | ||
Glans | matt | ||
Strekfarge | lysblå | ||
Spesifikk vekt | 2,7–2,9 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Brytingsindeks | 1,5 | ||
Andre eigenskapar | Variasjonane i samansetnaden gjev stor variasjon i verdiane over |
Lasurstein eller lapislasuli er ein bergart som vesentleg består av mineralet lasuritt, med vekslande mengder av kalsitt, sodalitt og pyritt. Fargen er vanlegvis asurblå. Heilt sidan oldtida er han brukt som edelstein til smykke og utskorne lekamar. Han finst fleire stader i Sentral-Asia.
Tidlegare er steinen òg brukt til målarfarge med nemninga «naturleg ultramarin».
Lasurstein vart vunne ut i Sar-i Sang-gruvene[1] og andre gruver i Badakhshan-provinsen nordaust i Afghanistan så tidleg som 6000-talet fvt.[2] Lapis-perler er funne i steinaldergraver i Mehrgarh, Kaukasus og så langt frå Afghanistan som Mauritania.[3] Han vart nytta for augnebryn på gravmaska til kong Tutankhamun (1341–1323 fvt.).[4]
Mot slutten av mellomalderen vart lasurstein eksportert til Europa, der han vart malen til pulver og nytta som fargen ultramarin, det finaste og dyraste av alle blå pigment. Han vart nytta av dei viktigaste kunstnarane i renessansen og barokken, som Masaccio, Perugino, Tizian og Vermeer, og var ofte nytta for kleda til sentrale personar i måleria, særleg Jomfru Maria.[1]
I dag er gruvene nordaust i Afghanistan framleis den viktigaste kjelda til lasurstein. Store mengder vert òg vunne ut i gruvene vest for Bajkalsjøen i Russland og i Andesfjella i Chile. Mindre mengder finst òg i Italia, Mongolia, USA og Canada.[5]