Lehavim | |||
לְהָבִים | |||
lokal kommune | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | 31°22′08″N 34°48′47″E / 31.36889°N 34.81306°E | ||
Areal | 2,525 km² | ||
Folketal | 5 800 (2010) | ||
Folketettleik | 2 297 / km² | ||
Grunnlagd | 1983 | ||
Borgarmeister | Eli Levi | ||
![]() Lehavim 31°22′07″N 34°48′53″E / 31.368611111111°N 34.814722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Lehavim | |||
Lehavim (hebraisk skrift לְהָבִים) er ein by i Det sørlege distriktet i Israel, nord i Negevørkenen. Han vart grunnlagd i 1983, og ligg 15 km nord for Beersheba. I 2010 var folketalet 5 800.[1]
Lehavim vart opphavleg kalla «Givat Lahav»[2] og er ein av tre drabantbyar kring Beersheba i tillegg til Omer og Meitar. Dei fleste innbyggjarane pendlar til arbeid i Beersheba. Lehavim er eit øvre middelklassesamfunn med einebustader omgjeve av palmetre og hagar. Byen har eit bibliotek, klubb i landlege omgjevander, barnehagar, ein skule, to synagoger og eit handlesenter. Lehavim fekk kommunestatus i 1988.[2] I følgje CBS er Lehavim ein av dei mest velståande kommunane i Israel.