Knud og Stærkodder eller vore Dages Recensions Maade. Frå Illustreret Dansk Litteraturhistorie, bind 2.
Faksimile av tittelbladet til Den Nordske Dale-Viise av Petter Dass, ein viktig figur i norsk litteraturhistorie.

Litteraturhistorie kan vera litteraturforsking generelt, disiplinen som no gjerne blir kalla litteraturvitskap, eller i snevrare forstand skildringa av utviklinga til litteraturen gjennom tidene. Ofte formar ein litteraturhistoria slik at ho tek for seg både litterære verk og dei som skreiv dei, og der påverknaden mellom forfattarar og bøker er overordna andre typar påverknad. Tradisjonelt har ein òg delt inn litteraturhistoria i periodar, anten etter årstal, som tiår eller hundreårsperioder, eller i namnsette periodar som blir fastsette ut frå stilistiske og innhaldsmessige kriterium (som romantikken eller realismen) eller av ytre hendingar (som mellomkrigslitteratur).[1]

Hovudformer

Ut frå dei synspunkta som synest å ligga under den eine eller annan type av litteraturhistorie kan ein dela litteraturhistoria i ulike hovudformer:[1]

Ein kan òg avgrensa litteraturhistoria til ein enkelt nasjon eller kultur, eller til ein viss generasjon eller periode. Innan fleire retningar av litteraturvitskapen på 1900-talet har interessa for ytre samanhengar eller ytre årsaker vike for ei meir verksentrert interesse.[1]

Frå 1970-åra og framover har ein stilt spørsmål ved sjølve det teoretiske grunnlaget for litteraturhistoriske framstillingar, og det er reist tvil om litteraturhistorier i det heile er mogleg som anna enn ei forteljing styrt av den som skriv og dei vilkåra som vedkommande er underlagt i si tid og samfunnet sitt. Metahistorisk refleksjon er kome inn med stor tyngde, men litteraturhistorier blir likevel framleis skrivne og i all hovudsak med same strukturar og med same målsetjing som tidlegare.[1]

Litterære periodar i vestleg litteraturhistorie

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Skei, Hans H. «litteraturhistorie». Store norske leksikon. Henta 11. januar 2021.