Flyfoto av Makhtesh Ramon, ein av fem i Israel.
Sørenden av Makhtesh Gadol.
Den større Arif makhtesh.

Makhtesh (hebraisk מַכְתֵּשׁ, fleirtal מַכְתְּשִׁים, makhteshim) eller erosjonssirkel er ei geologisk landform som er unik for Negevørkenen i Israel. Ein makhtesh har bratte veggar av hardføre bergartar, som ligg kring ein djup, lukka dal, som vanlegvis vert drenert av ein enkel wadi. Dalane har avgrensa vegetasjon og jordsmonn og består av bergartar av forskjellig form og farge. Den mest kjende og største makhteshen er Makhtesh Ramon.

Sjølv om dei ofte vert omtalte som «krater», er desse formasjonane danna av erosjon, medan krater vert danna av nedslag av ein meteor eller eit vulkanutbrot.[1]

Geologi

Ytterveggen av Makhtesh Katan.

Eit hardt ytre lag av stein dekkjer mjukare bergartar. Erosjonen fjernar dei mjukare bergartane, og vert vaska bort under den hardare bergarten. Den hardare bergarten kollapsar så under si eiga vekt og den kraterliknande dalen oppstår. I makthteshar i Negev og Sinai er desse harde bergartane kalkstein og dolomitt, medan dei indre, mjukare bergartane er kalk eller sandstein.[2]

Negev

Negev har fem makhteshar: Makhtesh Ramon, Makhtesh Gadol, Makhtesh Katan og to mindre makhteshim ved Arif-fjellet, sør for Makhtesh Ramon.

Makhtesh Katan

Sinai

Dei to makhteshane i Sinai i Egypt har ikkje namn, men veggane har fleire namn som Jabal al-Manzur eller Gebel Maghara.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Makhtesh