Melkisedek | |||
| |||
Tittel | konge, kohen | ||
---|---|---|---|
Opptrer i | Den romerske kanonen, Salmane, Brevet til hebrearane, 1. Mosebok 14 | ||
Identifisert med | Sem | ||
Land | Salem |
Melkisedek var ifølgje Bibelen ein konge som levde på Abraham si tid.
Melkisedek blir omtalt som konge og prest i Salem, som seinare blei til Jerusalem. Han gav Abraham ei signing etter sigeren over fire kongar som hadde teke Lot til fange.[1]
I Salmane heiter det:
I Det nye testamentet blir det sagt at Jesus skal vera prest «prest av same slag som Melkisedek».[3]
Hos Dei siste dagars heilage blir ein del av organisasjonen kalla Melkisedeks prestedøme. Melkisedeks prestedøme blir rekna for prestedømet etter sonen til Gud sin orden som israelittane ikkje fekk del i, men som har er blitt gjenoppretta for dei kristne. Alle verdige menn blir innvigde til dette prestedømet etter først å ha vore innvigd til Arons prestedøme.