Tittelsida til Midrash Tehillim

Midrasj eller midrash (hebraisk מִדְרָשׁ) er ei forklaring og fortolking av bibeltekstar av gamle jødiske autoritetar.[1] Omgrepet kan også visa til eit litterært verk som inneheld slike forklaringar.[2][3]

Ein skil mellom midrash halakha, som hovudsakleg tek for seg lovane frå Mosebøkene, og midrash aggada, som tek for seg resten av Tanakh-tekstane.[4]

Kjelder

  1. Jacob Neusner, What Is Midrash (Wipf and Stock 2014), s. xi
  2. Encyclopædia Britannica: Midrash
  3. Jewish Encyclopedia (1906): "Midrashim, Smaller"
  4. Groth, Bente (18. desember 2018). «midrash». Store norske leksikon (på norsk). 
Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.