Mona Dahle
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. august 1970 (53 år)
Trondheim
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Mona Dahle Sivertsen (fødd 24. august 1970) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim. Ho vann OL-sølv 1992 og bronsemedalje i både VM 1993 og EM 1994.

I sine unge år var Dahle medlem av Trolla IL og deretter Vestbyens IL. År 1990 melde ho overgang til Byåsen IL, det då fremste handballaget i Trondheim. Ho spelte på Byåsen Idrettslag heilt til ho reiste til Refstad/Veitvedt i 1994, så vidare til Stabæk IF og var aktiv for laget frå Asker i nokre få sesongar.

Mona Dahle landslagsdebuterte 30. juni 1991 mot Danmark. Ho var så med i alle meisterskaps-turneringane frå Sommar-OL 1992 til og med Sommar-OL 1996. Under OL 1992 i Barcelona fekk ho sølvmedalje, men var ein av dei som ikkje fekk spele finalen. Både i handball-VM 1993 på heimebane og EM 1994 i Berlin deltok ho då Noreg vann respektive bronsefinalar mot høvesvis Romania og Ungarn. Ho var også med då Noreg tapte bronsekampane under handball-VM 1995 og Atlanta-OL 1996. Gjennom åra deltok ho i 114 landskampar og skåra 151 mål.

Merittar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]