Fornøyelsespark, moropark eller tivoli, er ein park med underhaldande attraksjonar som karusellar, berg-og-dal-baner, pariserhjul,[1] spel og anna. Ordet «tivoli »kjem av den italienske byen Tivoli,[2] som vart kjend for hageanlegga sine.
Ein moropark som er basert på eitt eller flere tema vert kalla ein temapark. Typiske døme på temaparkar er Disneyland i California, Legoland og Kaptein Sabeltanns verden. Den siste er eit underhaldningsanlegg i Kristiansand Dyrepark. Ein moropark som har barnefamiliar som målgruppe, vert gjerne kalla ein familiepark. Attraksjonane her er ofte meint for både små og store.
Etter internasjonal standard opnar alle moroparkane den siste helga i april, anten på laurdagen eller sundagen. Sesongavslutninga vert derimot fritt bestemt av kvar enkelt park, men det tradisjonelle er å stengja etter haustferien.
Christiania Tivolis hadde mellom anna Cirkusbygningen (1890-1935).[4]