Nordkaper | |
![]() Nordkaper | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av nordkaper | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Rettkvalfamilien Balaenidae |
Slekt: | Eubalaena |
Art: | Nordkaper E. glacialis |
Vitskapleg namn | |
Eubalaena glacialis O.F. Müller, 1776
|
Nordkaper (Eubalaena glacialis) er ein bardekval i rettkvalfamilien. Han levde opphavleg på begge sider av Nordatlanteren. På europeisk side levde han i havområda frå Vest-Sahara i sør til Nordkapp i nord, noko som gav han namnet «nordkaper».[2]
Baskiske kvalfangarar dreiv fangst på arten i Biscayabukta allereie frå 1000-talet, og dreiv fangst så langt nord som Island seinast i 1412. Allereie frå 1600-talet av var bestanden i nedgang. Den siste nordkaperen vart fanga i norske farvatn i 1926,[1][3] og dei siste to nordkaperane på europeisk side vart fanga nær Madeira i 1967. Bestanden på austsida av Atlanteren er no truleg utdøydd, men det vert stundom sett streifdyr, i norske farvatn seinast i 1999. Det vart påvist at dette individet kom frå den nordamerikanske bestanden. På amerikansk side lever nordkaperen frå Florida i sør til Nova Scotia i nord, med streifdyr som når Grønland og Island. Talet på kalvande hoer vart i 1998 fastsett til 70 individ. Den totale bestanden er anslått til 300-350 dyr.[2]