Nusaybin | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Søraust-Anatolia | ||
Provins | provinsen Mardin | ||
Høgd | 0 moh. | ||
Koordinatar | 37°04′N 41°13′E / 37.067°N 41.217°E | ||
Areal | 825 km² | ||
Folketal | 83 832 | ||
Folketettleik | 102 / km² | ||
Borgarmeister | Ayşe Gökkan | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 47300 | ||
Retningsnummer | 482 | ||
Bilnummer | 47 | ||
![]() Nusaybin 37°05′00″N 41°13′00″E / 37.083333333333°N 41.216666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Nusaybin | |||
Nettstad: www.nusaybin.bel.tr | |||
Nusaybin (akkadisk Naṣibina;[1] i antikken Nisibis; syrisk ܢܨܝܒܝܢ, Niṣībīn; armensk: Մծբին, Mtsbin; kurdisk Nisêbîn) er ein by i provinsen Mardin i Tyrkia, med hovudsakleg kurdisk folkesetnad. Byen har kring 85 000 innbyggjarar[2] (2009). Nabobyen Qamishli i Syria er i røynda eit framhald av byen Nisibin.
Byen vart først nemnd i 901 fvt. som Naşibīna i Assyrarriket. Nsibis er den mesopotamiske byen som etterfølgjarane til Aleksander den store grunnlagde på ny som Antiokia Mygdonia (gresk: Αντιόχεια της Μυγδονίας). Han vart omtalt av fleire greske skribentar. På eit seinare tidspunkt vart han viktig for Romarriket.
I 2006 vart det funne ei massegrav nær Nusaybın som var offer frå det armenske og det assyriske folkemordet under første verdskrigen.
Nusaybin har eit halvtørt klima med ekstremt varme somrar og kjølige vintrar. Regnfall er forholdsvis sjeldan.