Osebergskipet
Karriere
Type: Vikingskip
Ferdigbygd: ca. 820
Sett i teneste: 820
Status: Skipet vart hauglagt i Oseberghaugen år 834, utgrave 1904 og plassert i Vikingskipshuset 1926
Generelle eigenskapar
Lengd: 21,5 m
Dekkbreidde: 5 m m

Osebergskipet er eit vikingskip datert til 820 e.kr. Det vart funne i Oseberghaugen ved Tønsberg i Vestfold den 10. august 1903. Skipet vart brukt som gravskip, truleg i år 834.[1] Det er det eldste skipet som vi sikkert kan seie hadde mast og segl.[treng kjelde] Dendrokronologisk gransking tyder på at skipet vart bygt på Vestlandet.[2]

Konstruksjon

Skipet har ei lengd på 21,5 m og ei breidd på 5,0 m, med 12 bordgangar. Den øvste bordgangen har 15 årehol.[3] Det vart ikkje funne segl i skipet, men truleg har mastehøgda vore omlag 9 m. Storleiken på seglet har vore uviss. Oseberg-kopien «Saga Oseberg» har, med hell, vorte segla med eit 9,5m breidt og 8,5m høgt ullsegl.[4]

Samanlikna med dei eldre roskipa, har Osebergskipet ein sterkare og meir utvikla kjøl. Dei første bordgangane er brattare ned mot kjølen. Dette gir mindre avdrift og betre retningsstabilitet ved segling. På Osebergskipet er banda surra til båtborda med tæger, som går gjennom klampar i band og bord. Kjølen har vore skøytt.

Banda sluttar ved vasslinja. For å støtte skipet har det vorte sett inn bjelkar på tvers av skipet lenger oppe. Dei er festa med krumgrodde kne på båe sider oppom banda.

Den 10. bordgangen er særleg kraftig og sterkt. Det er i overgangen mellom botn og side, og vert kalla Meginhufr. Borda er tilhogne av kløyvde eikestammer. Skipet har tiljedekk, noko som ein ikkje finn på eldre skip.

To kraftige eikebjelkar, kjerringa og mastefisken, støttar masta.

Osebergskipet er kjend for utskjeringane, særleg på stamnane. Av framstamnen vart det funne så mange delar at ein veit oppbygginga er lik originalen. Bakstamnen har vorte forma ut frå framstamnen sin utsjånad.

Gravgods

I tillegg til skipet, og ein del skipsutstyr, vart det i gravhaugen funne eit rikt gravgods, mellom anna ei praktvogn og fem såkalla dyrehovudstolpar med rik og særmerkt treskurd.

Utgraving

Haugen vart grave ut i 1904, under leiinga til arkeologane Gabriel Gustafson og Haakon Shetelig. Skipet vart først bygd opp igjen i Oslo sentrum i ein av universitetsbygningane. I 1930 vart det flytta på jernbaneskinner til Bygdøy, der det fekk eit eige hus, Vikingskipshuset. Her kan ein i dag sjå skipet og dei andre funna, i tillegg til Gokstadskipet og Tuneskipet.

Kopiar

Det har vorte bygd kopiar av Osebergskipet i full storleik:

Galleri

Kjelder

  1. Bonde, N. (1997). Dendrochronological Dating of the Viking Age Ship Burials at Oseberg, Gokstad and Tune, Norway. Archaeological Science 1995. Proceedings of a Conference of the Scientific Tecniques to the Study of Archaeology. Liverpool 1995. Red. A. Sinclair, E. Slater & J. Gowlett. Oxbow Monograph 64, 1997. s. 200.
  2. Bonde, Niels og Stylegar, Frans-Arne (2009). «Fra Avaldsnes til Oseberg. Dendrokronologiske undersøkelser av skipsgravene fra Storhaug og Grønhaug på Karmøy». Viking 72. s. 164–165.
  3. «Osebergskipet». vikingtidsmuseet.no. Henta 8. august 2023. 
  4. Grethe Wold og Nina Killie Øydvin (2018). «FORSKNINGSRAPPORT OM FARGING OG IMPREGNERING AV ULLSEILET TIL SAGA OSEBERG 2012 – 2014» (PDF). sagaoseberg.no. Henta 24. august 2023. 
  5. Jørn Olav Løset (2019). «Skipsfunn inntil 1200-talet». I Frode Sætre. Eventyrlege vikingskip. Bygde på Bjørkedalen. Segla av Ragnar Thorseth. Volda: Bjørkedal kystlag. s. 70-85. ISBN 978-82-692932-0-3. 

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Osebergskipet
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.