Perlitt er ein vulkansk glasbergart av ryolittisk samansetnad. Han syner konsentrisk oppsprekking på grunn av samantrekking av glasmassen ved avkjølig. Fenomenet kan vere så markert at bergarten synest å bestå av små kuler med konsentriske lag som lausnar som skal på ein lauk. Ved kunstig oppvarming blir bergarten til eit laust, lett pulver som kan brukast til isolasjonsmateriale.