Pirates of the Caribbean er eit Disney-konsept som omfattar ei disneyparkoppleving, ein filmserie, fleire bøker og videospel og andre utgjevingar. Best kjend på verdsbasis er filmane, med Johnny Depp, som sjørøvar-antihelten Jack Sparrow, Keira Knightley og Orlando Bloom i hovudrollane.
Filmane blei regisserte av Gore Verbinski og produserte av Jerry Bruckheimer, med manus skrivne av Ted Elliott og Terry Rossio. Filmane tek utgangspunkt i rundturen i fornøyingsparkane, med sjørøvaråtak, spøkelse og skattekart som viktige element, og skurkar som går igjen begge stader. Heltane og historiene deira er derimot nye.
Første filmen i serien kom ut i 2003 og blei ein uventa storsuksess. Dei to følgjande filmane kom ut i 2006 og 2007. Til saman har dei tent inn om lag 2 668 000 000 dollar (august 2007).