Podporozje
Подпорожье
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Podporozje is located in Russland
Podporozje is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Grunnlagd
Bystatus
1936
1956
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

19 042
Koordinatar 60°55′N 34°10′E / 60.917°N 34.167°E / 60.917; 34.167
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 187780,187781
Retningsnummer (tlf) +7 81365

Podporozje (russisk Подпорожье) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 19 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Svir, 285 km nord-aust for St. Petersburg. Podporozje grensar til Onegasjøen og republikken Karelen, Vologda oblast og til dei to regionane Tikhvin og Lodejnoje Pole i Leningrad oblast.

Etter kommunereforma i Leningrad oblast i 2006 er Podporozje eigen kommune og er samstundes det administrative sentrumet i regionen med same namn. Regionen består av ytterlegare 4 mindre kommunar, med til saman om lag 14 000 innbyggjarar.

Podporozje vart grunnlagd i 1936 og fekk bystatus i 1956.

Podporozje er venskapskommune med Steigen i Nordland.

Kjelder