Psagot | |||
landsby | |||
Region | Vestbreidda | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Mateh Binyamin | ||
Koordinatar | 31°53′57.48″N 35°13′26.04″E / 31.8993000°N 35.2239000°E | ||
Folketal | 1 623 (2008) | ||
Grunnlagd | 1981 | ||
- Grunnlagd av | innbyggjarar frå Beit VeGan | ||
Tilhøyrsle | Amana | ||
![]() Psagot 31°53′57″N 35°13′26″E / 31.8993°N 35.2239°E | |||
Wikimedia Commons: Psagot | |||
Psagot (hebraisk skrift פְּסָגוֹת, tyder Toppar) er ei kollektiv, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda nord for Jerusalem på Tawil-åsen like ved Ramallah, al-Bireh og Kokhav Ya'akov. Psagot vart grunnlagd i 1981 og er underlagt Binyamin regionale kommune, og kommunesenteret ligg der.[1] I 2008 hadde han eit folketal på 1 623.[2]
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3]