Rampinryttaren er ein gresk ryttarstatue og eit av dei fremste døma på attisk kunst frå den arkaiske tida i Hellas. Han er datert til rundt 550 f.Kr. Statuen er utført i marmor og har spor av svart og raud måling.
Statuen har fått namn av at det kjende Rampinhovudet i Louvre i Paris viste seg å tilhøyra statuen. Hovudet blei funne ved Akropolis i Aten i 1877 og kjøpt av kunstsamlaren Georges Rampin. Han stilte det ut ved Verdsutstillinga i Paris i 1878[1] og skjenka hovudet til Louvre i 1896.[2] Delar av kroppen til ryttaren og hesten blei funne ti år etter hovudet i ei grøft fylt med statuar som var blitt øydelagde under den persiske erobringa av Aten i 480 f.Kr. under Persarkrigane. Hovudet blei først samført med statuen i 1936 av arkeologen Humphry Payne.[2]
Rampinryttaren er utstilt ved Akropolismuseet i Aten. Hovudet er ei gipsavstøyping. Det opphavlege hovudet er utstilt i Louvre saman med ei avstøyping av resten av statuen.
Ryttaren har mange eigenskapar knytte til den typiske arkaiske kouros-figuren, ein ung naken mann, men har fleire asymmetriske eigenskapar som bryt med desse konvensjonane.