Richmond | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Virginia | ||
Areal | 162 km² | ||
Folketal | 205 533 (2011) | ||
![]() Richmond i Virginia | |||
Wikimedia Commons: Richmond, Virginia | |||
Richmond er delstatshovudstaden i Virginia i USA.
Staden var ein viktig landsby for innfødde powhatanfolk, og blei folkesett ei kort tid av engelske kolonistar frå Jamestown frå 1609 til 1611.[1][2] Richmond blei grunnlagd som by i 1737. I 1780 fekk han status som hovudstad for kolonien Virginia.
Under den amerikanske borgarkrigen gjekk Virginia ut av unionen og slutta seg til Sørstatskonføderasjonen. Richmond blei då hovudstad i konføderasjonen. Byen blei teken av Nordstatshæren i byrjinga av april 1865. Mykje av byen blei øydelagd, men han blei raskt bygd opp att etter at borgarkrigen var over.
Byen har eit av dei eldste kommunale parksystema i landet. Byrådet stemte for å kjøpa 7,5 acre (30 000 m2) land i 1851, som no er kjent som Monroe Park.[3] Monroe Park ligg ved sida av Virginia Commonwealth University-campusen, og er ein av over 40 parkar som til saman dekkjer over 1 500 acre (610 ha).
Fleire av parkane ligg langs James-elva, og James River Parks System har stiar for gåturar, sykling og naturopplevingar.[4] Det ligg også parkar på to større elveøyar i James-elva, Belle Isle og Brown's Island. Belle Isle, den største, omfatta tidlegare ein powhatan-landsby, ein veddeløpsbane i kolonitida og ein fangeleir under borgarkrigstida. Det er fleire restar att etter fangeleiren.
To andre større parkar langs elva er Byrd Park og Maymont, i nærleiken av Fan District. Byrd Park er prega av eit minnesmerke etter fyrste verdskrigen, ein carillon frå 1926. Naboparken Maymont har formelle hagar, utstillingar av innfødde plantar og eit natursenter.
Lewis Ginter Botanical Garden ligg i nabofylket Henrico County. Dette er ein botanisk hage for delstaten.[5]
Det finst fleire institusjonar for høgare utdanning i Richmond-området, mellom anna det offentlege Virginia Commonwealth University og dei private University of Richmond, Virginia Union University, South University–Richmond, Union Theological Seminary & Presbyterian School of Christian Education og Baptist Theological Seminary in Richmond.