Side frå samaritansk Torá med si karakteristiske gammalhebraiske skrift.

Samaritansk religion er ein israelittisk religion, nært i slekt med jødedommen. Samaritansk religion godtek ikkje den jødiske Tanákh, og berre den samaritanske utgåva av Toráen blir sett som kanonisk. Sentralt i samaritansk religion står fjellet Gerizím, der mellom anna påskeofferet framleis finn stad kvar pesah.

Bakgrunnsstoff

Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.