Septer (frå gresk skeptron, 'stav') er ein utsmykka stav, ofte laga av edelt metall (gull, sølv) og gjerne pryda med innsette edelsteinar, og vert båre av særleg kongelege personar i høgtidlege høve som teikn på deira makt og mynde og den vørdnaden dei har krav på. Ofte vert septeret rekna til kronjuvelane.
Septer er kjend frå gamalt av, og var i bruk i antikken.