Dokument, med segl og tråd, frå 1793

Sigill eller segl er avprent i lakk, voks, papir eller liknande materiale som er festa til eit dokument for å stadfesta at det er ekte. Avprentet er laga med eit signet. Sigill har funnest for einskilde personar, for stader, herad, domstolar og statar. Dei har i hovudsak vortne brukt på dokument, men òg på andre ting som salsvarer som skulle haldast lukka.

Sigill kan vera flate plater som vert trykte ned i forseglinga, eller runde sylindrar som vert rulla over materialet. Biletet av seglet er oftast gravert inn i seglstampen, slik at avtrykket vert plastisk. Relieffstempla var opphavleg laga av metall, stein eller brent leire, men i dag vert dei til vanleg skorne i stål eller messing.

Kjelder

«segl» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff