«Skitur»
Singel av Torill Støa og Solfrid Heier
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1967
Låtskrivar(ar) Ivar Børsum og Bjørn Nordmoen

«Skitur» er ein singel av Torill Støa og Solfrid Heier, gjeven ut i 1967. Songen er skriven av Ivar Børsum og Bjørn Nordmoen.[1]

Eurovision

Melodi Grand Prix 1967

«Skitur» deltok i Melodi Grand Prix 1967, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1967 i Wien i Austerrike. Songen vart framført på norsk av Torill Støa med eit lite orkester, og så på nytt av Solfrid Heier med eit stort orkester. Bidraget enda på tredjeplass med seks poeng; to frå Bodø, Trondheim og Oslo.[2][3]

Fotnotar

  1. «MGP 1967» (på norsk). OGAE Norge. Henta 6. juli 2014. 
  2. «Norway 1967» (på engelsk). esc-history.com. Henta 22. juni 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1967» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 22. juni 2014.