Slektsforsking, også kalla genealogi, slektsgransking eller ættegransking, er søking i historisk kjeldemateriale etter forfedrane og etterkomarane til ein person eller ein familie, for å klårleggja familien si slektshistorie og dei innbyrdes slektskapstilhøva mellom personar. Ein som driv med slektsforsking, kan kalla seg genealog.

Kjeldematerialet for slektsforsking i Noreg er ofte kyrkjebøker og folketeljingar, men kan òg vera juridiske dokument (tinglysingar, dommar, matriklar m.v.) og lensmannsprotokollar, passasjerlister, skattelister, skular, helsevesenet, militærvesenet og munnlege overleveringar. Dei aller fleste norske kommunar har bygdebøker, der ein kan finne oppsett med opplysningar om kvart gardsbruk og folket som har budd der.

Slektsforsking og data

Heimedatamaskinar og Internett har gjort det lett for kven som helst å forska på slekta si. Stadig meir av kjeldematerialet vert digitalisert og gjort tilgjengeleg på Internett, anten gratis av eldsjelar eller av det offentlege (som t.d. det norske Digitalarkivet eller mormonarane sine enorme slektsarkiv) eller av kommersielle føretak mot betaling. Genealogar frå heile verda nyttar nettet til å etterlysa og utveksla informasjon.

Når ein samlar slektsinformasjon, vert det raskt store datamengder å halda orden på. Difor finst det eit utal slektsforskingsprogram (frå heilt gratis til svært dyre) som hjelper genealogen å systematisera data og som kan lagra informasjonen i ein intern database og presentera han på ulike format for ulike føremål.

Dei fleste slike program kan eksportera og importera slektsinformasjon frå andre slektsdatabasar via det internasjonale standardformatet GedCom.

Bakgrunnsstoff