Stangvik | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Surnadal | ||
Postnummer | 6642 STANGVIK | ||
Innbyggjarnamn | stangvikgjelding | ||
Stangvik 62°55′10″N 8°28′05″E / 62.919444444444°N 8.4680555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Stangvik | |||
Stangvik (lokal uttale «stångvikja») er ei grend ved Stangvikfjorden i Surnadal kommune på Nordmøre og ein tidlegare kommune.
Det er eit særprega bygdesentrum i Stangvik, og mange hytter dannar grunnlag for eit populært utfartsområde. Den årlege Stangvikfestivalen har vekt på klassisk musikk.
Stangvik er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal oppretta med formannskapslovene av 1837 som Stangvik formannskapsdistrikt. Folketeljinga i 1865 hadde 2.619 innbyggjarar i kommunen.(Tidlegare folketeljingar har felles folketal for Stangvik og Halsa kommune.)[1] Stangvik var eit sentralt kommunesentrum så lenge sjøen var den viktigaste ferdselsåra.
Kommunegrensene blei endra fleire gongar i siste del av 1800-talet:[2]
1. januar 1965 blei Stangvik delt og slått saman med andre kommunar. Hovuddelen av kommunen med 1.386 innbyggjarar blei slått saman med Åsskard og Surnadal til den nye Surnadal kommune. Ålvundfjord krins som hadde 508 innbyggjarar, blei slått saman med Sunndal kommune. Åsprong-Sandnes krins med 26 innbyggjarar blei slått saman med Tingvoll kommune.
Folketalsutvikling for tidlegare Stangvik kommune frå 1895 til 1965:
1.5.1895[2] | 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1965[2] |
---|---|---|---|---|---|---|
2354a | 2173 | 2180 | 2303 | 2252 | 2068 | 1920 |