Ein M2 Bradley frå USA sin hær, i Irak

Stormpanservogn er eit beltegåande militært køyretøy meint for å transportera og gje støtte til infanteri i kamp.

Ei stormpanservogn liknar eit pansra personellkøyretøy (PPK), som er meint berre for å transportera infanteriet. Stormpanservogna har tyngre væpning for å gje støtteeld under kamp, ofte skyteskår slik at infanteristane kan bruka handvåpen inne frå vogna og ofte tyngre pansring.

Ei typisk stormpanservogn har plass til rundt åtte infanteristar, eit tårn på toppen med ein 20–30 mm maskinkanon og nokre gonger panservernsmissil.

Kjelder

Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:

Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden. Malen blei sett inn 2019