Svinerotslekta | |
Skogsvinerot (Stachys sylvatica) | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Lamioideae |
Slekt: | Svinerotslekta Stachys L., 1753 |
Svinerotslekta (Stachys) er ei planteslekt i leppeblomfamilien. Slekta omfattar rundt 300 artar. Dei veks naturleg i Europa, Afrika, Asia, Australia og Nord-Amerika. Kinaskokk (S. affinis) blir dyrka som rotfrukt.
Plantar i svinerotslekta er eit- eller fleirårige urter, halvbuskar eller buskar. Blada er enkle og heilranda eller tanna. Blomane er 1–2 cm lange og sit anten i toppen av stilken eller i axilen, mellom oversida av bladstilk og stengel. Dei har beger med fem eller ti nervar. Dei kan vera kvite, rosa, lilla, raude eller lysegule på farge. Krona kan ha om lag like lang overlepe som underlepe.
Ny artar av slekta er kjende frå Noreg. Fleire av dei veks berre på avfallsplassar eller er forvilla frå hagar og er berre kjende frå einskildfunn.
Etablerte artar:[1]
Artar kjende frå einskildfunn eller svært få funn:[1]