For vitskapen om omgrep og nemningane deira i eit fagspråk, sjå Terminologilære.

Ein terminologi er settet av alle termane i eit fagområde. Terminologien er ein del av fagspråket, som også har andre trekk, som fraseologi og grammatikk.

Terminologiar kan bli samla og systematiserte i termsamlingar eller fagordbøker, eller dei kan bli uttrykte som ein tesaurus. Som regel blir dei framstilte i fleirspråklege terminologiske databankar. Resultatet blir eit kontrollert vokublar, som er eit viktig grunnlag for fagområdet det gjeld. Ein systematisert fleirspråkleg terminologi gjer det lettare å ha faglege diskusjonar, og det gjer det mogleg å omsetje fagtekst frå eit språk til eit anna.

Ein terminologi som utgjer eit veldefinert sett av termar i eit systematisk tilhøve til kvarandre blir kalla ein nomenklatur.

Standardar

Det finst internasjonale standardar for utarbeidingar av terminologiar. I Tyskland er dette DIN 2342. DIN 2336 definerer korleis terminologiar skal bli bygd opp i ordbøker og terminologiske databankar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Litteratur
Nettstader