Trackshittaz | |||
![]() | |||
Opphav | Mühlviertel i Austerrike | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2010–i dag | ||
Medlemmer | Lukas Plöchl Manuel Hoffelner |
Trackshittaz er ei austerriksk hiphop-gutegruppe frå Mühlviertel som består av Lukas Plöchl og Manuel Hoffelner.
24. februar 2012 deltok dei i Österreich rockt den Song Contest med songen «Woki mit deim Popo» og gjekk vidare til superfinalen. I superfinalen vann dei med 51 % av røystene og fekk dimed representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2012.
Trackshittaz starta som éin av dei ni siste i den fyrste semifinalen, men gjekk ikkje vidare til finalen. Songen deira vart det fyrste bidraget i Eurovision Song Contest med tekst på mühlviertelsk.